tirsdag 24. januar 2012

Oppgåver i tekstsamlinga s.173. ''Karens Jul''.

1.
Karen: Fattig, tynn, bleik og smalt ansikt. Ho har også eit arr på eine kinnet. Ho har på seg eit mørkt kjoleskjørt med ein brun overdel. Utan på det har ho ei sleta kofte. På hovudet har ho eit tørkle og skola er hullete soldatstøvlar utan snøring. Ho ber eit barn i hendene sine.

Konstabelen: Han er ein streng mann som tek jobben sin serriøst, men da han ser Karen og barnet i fergehuset, og korleis dei frys og er svoltne, blir han audmjuk. Han skulle eigentleg straffe ho, sidan ho ikkje opna for han. Men ho slepp unda med ein advarsel.

Madam Olsen: Ho blir beskreven som ei veldig snill og god dame.

2.
Synsvinkelen er autoral og refererande.

3.
Skram beskriver fergehuset som ei gammal, lita rønne som ingen legg merke til, fordi den berre var der og ikkje stod i vegen for noko eller nokon. Slik var det også med Karen. Ei lita dame, som ingen la merke til fordi ho ikkje stod i vegen for nokon. Ho berre var der, og gjorde ikkje noko uto seg.

4.
Ho sei ikkje korleis personane er dirkete, men ho beskriver utsjånad, kle, dialekt og ordvalg, og med det kan vi danne oss sjølv eit bilete av situasjonen og menneska som er med i forteljinga.

5.
Budskapet i denne novella kan tolkast på den måten at kvinna lever litt i anger, fordi ho fekk eit barn med nokon som lurte ho. Eller som ikkje tok ansvar for sine handlingar. Ho var fattig, og det å då ha eit barn i tillegg, blir ei belasting, sidan det er vanskleg nok å skaffe mat til seg sjølv. Ho veit at ho kjem til å dø sjølv, men prøvar å gjer det ho kan for reddet barnet sitt, sidan ho har født det inni den fattigdommen som ho levde i.

6.
Det kan på mange måtar samanlignast med juleevangeliet og Jesusbarnet og Maria.
Ho var ei fattig dame, som ikkje hadde nokon plass å fare til. Det hadde heller ikkje Maria, så ho måtte føde i ein stall. I dette tilfelle, blei fergehuset redninga for Karen. Begge kvinnene hadde ein ukjed barnefar. Dei var redde og engstelege. Konstabelen kan virke som ein hyrde, som såg barnet for første gong. Det skjedde også i jula, då julas budskap skal vere kjærleik og fred. Karen og barnet leid, og opplevde ikkje noko av dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar